Bli betre kjend med Ingeborg! 🇳🇴

Ingeborg har røtene sine frå både Hardanger og Indre Sogn, og er norsklærar på Metis videregående. Ho har lang fartstid som lærar, og har jobba på Ingieråsen skole, undervist flyktningar i Austrheim kommune, på Os videregående, Lønborg videregående og Os Gymnas. Elles har Ingeborg arbeidd mange år i turistnæringa i Aurland kommune og i Bergen. Her på Metis har ho vore lærar i femten år. Ingeborg har utdanning frå UiB, Uppsala universitetet, NTNU (Trondheim) og Rauland (Høgskolen i Telemark). I tillegg har Ingeborg tre års vidareutdanning frå Forfatterskolen. 

Hvilke fag underviser du i?

– Eg underviser norsk og undervisningskompetanse i psykologi.

 

Hva betyr mentor og hva gjør en mentor for elevene?

– Ein mentor går i dialog med elevane sine om styrkene deira, og kva behov og ønsker me lærarar skal ta omsyn til i opplæringa deira. Ein mentor er både ein profesjonell pedagog og eit lyttande og omsorgsfullt medmenneske. Hjarte og hjernen går hand i hand som mentor. Mentoren har også ei viktig rolle når det gjeld oppdraging, utvikle den sosiale kompetansen til elevane, men også skapa gode sosiale band mellom elevane. Det er viktig at dei føler at dei høyrer til i klassen, at dei kjenner seg inkludert og sett for den dei er.

Hjarte og hjernen går hand i hand som mentor.

 

Hvilken videregående gikk du på og hvilken linje?

– Eg gjekk på Øystese gymnas, og gjekk på tysk- og fransklinja.

 

Hva ønsket du å bli da du var yngre?

– Eg ønskte å bli 18 år 😁.

 

Hvorfor ville du jobbe som lærer?

– Fordi eg likar å ha med ungdom å gjera. Dei er energigivande, og eg brenn for norskfaget. Eg har tru på at alle kan bli flinkare å skriva, og eg ser at mange elevar utviklar seg til å bli betre formidlarar. Dessutan likar eg svært godt å premiera elevane for det dei får til, og å motivera dei til å nå nye mål.

 

Hvordan er det å være lærer på Metis?

– Det er den beste arbeidsplassen for meg!

 

Hva er ditt favoritt-sitat?

– Vanskeleg å velge berre eit sitat, men med Pippi Langstrømpe kan ein koma langt i livet: «Det har jeg aldri gjort før, så det klarer jeg helt sikkert».

«Det har jeg aldri gjort før, så det klarer jeg helt sikkert».

 

Har du en funfact om deg selv?

– Sang åleine på konsert i Estland med eit folkemusikkensemble. Det var ein del av musikkstudiet å opptre, og ei utanfor-komfortsona-oppleving!

 

Spørsmål fra elevene: Hvis du var en plante, hvilken plante ville du vært?

Eg er ein løvetann som har vilje

til å veksa opp overalt.

Gjennom asfalt.

I ei fjellside.

I nord og i sør.

Eg har ein eld som logar.

Nokon ser på meg som eit onde og eit ugras.

For andre er eg

ei skinande sol.

Eit sendebod om vår.

Ein lengt mot lysare tider.

Eit minne om vårgleder.

Eg er nesten udødeleg.

Du ser frøa mine leva vidare.