Første skuledag på videregåaende

Jasmine er elev på Medier og kommunikasjon på Metis vidaregåande. Ho kjem frå Samnanger som er ei lita bygd utanfor Bergen. Der gjekk ho på Samnanger ungdomsskule, og i fjor hadde ho sin første skuledag på Metis (vidaregåande). 

“Nytt kapittel”

– 15. august 2019 var ein spannande og nervepirrande dag for meg og kanskje mange andre nye elevar ved Metis vidaregåande skule. Eg gleda meg veldig til første skuledag og eit «nytt kapittel» i livet mitt.

 

Metis videregåaende skilte seg ut

–  Eg valte Metis vidaregåande fordi denne skulen skilte seg ut frå andre skular. Medier og kommunikasjon var linja eg valte fordi eg ønskte varierte skulekvardagar med mykje praktisk og kreativt arbeid. Eg er ganske interessert i bilete, redigering og video, så eg tenkte at denne linja ville passe meg godt.

Eg ønskte varierte skulekvardagar med mykje praktisk og kreativt arbeid.

 

Kribling i magen

– På vegen til første skuledag kjente eg det kribla litt ekstra i magen. Kom folk til å like meg? Kom eg til å få venner eller ikkje? Ville eg like meg på skulen/linja? Slike spørsmål poppa alltid opp i hovudet mitt. Det var også litt rart å ikkje sjå dei eg hadde gått med på skule i 10 år første skuledag, men eg fekk meg raskt nye vennar.

 

Første skuledag

– Første skuledag var ein gøy og livleg dag. Me hadde bli-kjent-leikar som gjorde at me blei tryggare på kvarandre, og betre kjent. Eg fekk eit bra fyrsteinntrykk av klassen.

Eg fekk meg raskt nye vennar.

 

Tur til Haugesund

– Den første veka på skulen vart gøyal og fylt med latter. Me reiste på ein bli-kjent-tur til Haugesund, og var med på filmfestival. Både a- og b- klassen var med på turen. På festivalen fekk me sjå små filmar som var laga av studentar. Filmane var ganske forskjellige i ulike sjangrar, språk og handling. I Haugesund fekk me også sjå Toy Story 4. Om kvelden hadde me ulike leikar, og dette gjorde at det blei ein betre «flyt» i klassen.

 

Mine tips til nye elever

  • Ver deg sjølv.
  • Ha det gøy.
  • Nyt dei interessante skuledagane.